De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/ad0bc3c2-6d8c-4868-95a2-3df9f7f96266-wml.jpg.
Optunsløa

Den store, tømra løa vart bygd tidleg på 1800-talet på garden Optun i Fortun i Luster. Ho har tre rom: vi kjem inn i midtgangen, låven eller «laoen», som dei sa. Her er det dør på kvar side, slik at dei kunne køyra hest og kjerre tvers igjennom. Låvegolvet er tett, for her treskte karane kornet med tust seinhaustes eller tidleg på vinteren.

På kvar side av låven er det lagerrom. I høybrotet lagra dei fôret som husdyra skulle eta gjennom vinteren. På andre sida er kornbrotet, der dei lagra kornet før det vart treskt.

I løa lagra dei også reiskap, hesjestaur, troer og lauv til fôring. Slike tømra løer var vanlege i Indre Sogn. Dei likna løene i dalføra på Austlandet.

de-heibergske-samlinger/14--optunloa.jpg.