De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/mitre-sogn-tunet.jpg.
Råstabburet

Stabburet låg ved fjorden på Råsholmen i Høyanger kommune. Gardbrukarane i Lavikdalen åtte det i lag, og her lagra dei både gardsprodukta som skulle seljast i Bergen og byvarene som kom med jektene, før dei bar eller kløvja dei heim.

Råstabburet har eitt lafta rom, med sval av stavverk framfor inngangsdøra. Over døra står innskrifta «Ovllof 1589 Johans Søn,» noko som tyder på at huset vart bygt dette året og altså er eitt av dei aller eldste verdslege husa i Sogn. Stabbursdøra har flatboge, altså runda overside. Ho er vakkert dekorert med seksbladroser, ein valknute og mange påsmurte tjørekrossar som skulle verna dei livsviktige varene mor vonde makter. Nemninga stabbur kjem truleg av stavbur eller stavbu, som viser til at dette ein gong var stavbygde hus som i mellomalderen ofte stod direkte på bakken. Om ordet også heng saman med at dette er eit bur som står på kraftige trestabbar slik at ikkje mus og rotter kunne koma inn, er meir uvisst. På gamalnorsk brukte dei nemleg ordet stokkabur om stabburet.