De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/dhs-sf-thomas-bickhardt-bickfoto-(45)-1696228897.jpg.
Fjøs, stall og grisehus

Kyrkjevollsfjøsen

Den store, tømra kufjøsen vart bygd på Kyrkjevoll i Borgund i 1860-70-åra. Når vi går inn fjøsdøra, kjem vi fyrst til eit rom med grise- og kalvebingar. I kufjøsen innafor er det båsar til 12 kyr og tre ungdyr, og møkarenner med luker ned til møkakjellaren. Kyrne stod bundne i båsane og fekk fôr og vatn der. På dei to båsane inst til høgre stod kyrne til kårfolket.

Over fjøsdøra var fjøslemmen, der budeia kunne liggja. Skikken med å sova i fjøsen held seg i Sogn fram til sist på 1800-talet.

I andre enden av fjøset er det eit rom med skorstein og grue. Her vermde dei kalvedrikk, og her stod «sørpebøttene» med varm drikke og høyrusk til kyrne. Her la budeia høyvondlane, høybuntane som ho hadde gjort klar til kvar ku, og her stod vasstønnene, der dei samla opp vatnet som dei bar eller køyrde til beista.

Det var helst kvinnene som stelte i fjøsen. Dei mjølka kyrne, og dei hadde hand om mjølkeforedlinga. Men karane kunne vera med og reinska møk og køyra vatn.

Stallen frå Lærdalsøyri

Stallen vart bygd på Lærdalsøyri tidleg på 1800-talet. Lædalsøyri var ein viktig handelsstad og eit trafikknutepunkt mellom Austlandet og Vestlandet. Fjorden var den beste ferdslevegen, og der var båten framkomstmiddelet. Men innover i landet var det hesten med kløv, vogn eller slede som frakta folk og varer. I denne stallen var det spiltau og krubbe til to hestar, og han vart utleigt til køyrekarar frå Valdres og Hallingdal, eller til andre reisande.

Hesten hadde høg status i det gamle samfunnet. Ein god arbeidshest var til stor nytte både i gardsarbeidet og til ferdsle og frakting. Det var som regel bonden sjølv som stelte hesten.

Grisehuset frå Borgund

Huset som blir brukt som grisehus, kjem frå Borgund i Lærdal kommune og var opphaveleg nytta som verkstad til ein felemakar. Huset er lafta og utan vindauge, men det har gluggar i gavlane. Det kom til museet i 1930-åra, men alderen på huset er uviss.

Sauefjøsen frå Mo

Sauefjøsen kjem frå Mo på Hafslo og vart bygd i 1850-60-åra. Under sauefjøsen er det møkakjellar, noko som var uvanleg på den tida. I dei fleste sauefjøsane brukte sauene å stå på talle, altså på hardtrakka møk. På museet blie sauefjøsen no brukt til hønsehus.