De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/95894964-0919-4ce0-ba32-0693c692a0e4-wml.jpg.
Stavedalsstova

Denne røykstova frå Stavedal i Vik er bygd på 1600-talet, og det budde folk her til 1956. Huset har tre rom, stove, kove og gangsval, og frå gangen går det trapp opp på kovelemmen. Utvendig langs eine langveggen går det ein svalgang, og på tømmerveggen her er det rissa inn fleire båtfigurar. Opphaveleg hadde stova jordgolv og åre midt på golvet. No har ho tregolv, og dobbel eldstad- både røykomn og peis med pipe. Gjennom ljoren i det sotsvarte taket kunne røyken sleppa ut. Til jul og andre høgtider vart peisen, gavlane og beten kvitkalka. Denne dekorasjonen gjorde stova lysare og viste velstand.

I stova var det opphaveleg tre små vindauge, men to av dei vart i 1860-åra utskifta med større glas. Både det massive stabbebordet og benken er skorne av eitt tre. Over bordet heng ein utskoren lyseplanke med romanske slyngingar på langs og stiliserte dyrehovud i endane. Han er komen frå Geithus i Vik og skriv seg attende til mellomalderen. For bordenden står høgsetebenken, som opphaveleg kjem frå Stalheim på Voss. Der hadde husbonden plassen sin, og i skråskåpet innanfor hadde han verdisakene sine. Det umåla framskåpet var brukt til mat, koppar og kar som matmora rådde over. På veggen attmed senga heng bostkastet, eit liteskåp det lusekosten og lusekammane låg. Innbundet elles viser også at stova var eit allsidig opphaldsrom. På handkverna mol dei korn til brød og graut, og på den gamle oppstadrokken spann dei garn.

Folket i Stavedal heldt på tradisjonane. Like til slutten av 1800-talet la dei kvar julaftan halm på stovegolvet, der alle i huslyden låg, i ullteppe og åkle. Og tre talglys brann heile julenatta for å verna folk og fe.

de-heibergske-samlinger/dhs-sf-thomas-bickhardt-bickfoto-(26).jpg.