De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/dhs-sf-thomas-bickhardt-bickfoto-(20).jpg.
Stella

På 1980-talet sette museet i gang eit pionerprosjekt og bygde eit nytt, moderne ferdighus for å dokumentera samtida.
Ein valde ferdighuset Stella frå Nordbohus, eit typehus som mange sogningar bygde på denne tida, og det vart oppført i 1987. Innreiinga byggjer på dokumentasjonen av korleis ein informantfamilie budde i eit identisk hus.
Ferdighuset Stella har to etasjar, eit bruksareal på 150 m2 og var godkjent for husbankfinansiering. Her er golvbelegg og tapet, og lyse pastellfargar pregar møblar og innbu, slik trenden var i mange miljø på 1980-talet. Men både den raudfarga komfyren og kjøleskåpet på kjøkenet og salongen i fjernsynsstova skriv seg frå 1970-talet.

Slik var det også i dei fleste heimane i samtida. Få eller ingen hadde råd til å kjøpa alle møblane nye. I fyrste etasje er det to ungdomsrom, bad og vaskerom. I andre høgda er det to stover, kjøken og bad, i tillegg til vaksen-soverommet.

Alle familiemedlemmene som «bur» i Stellahuset har sine eigne rom, prega av individuelle val i stil og møblering. Rommet til den 10 år gamle jenta har rosa gjennomgangsfarge og er møblert med sovesofa, sakkosekk og leksepult, medan rommet til den 14 år gamle guten er meir maskulint og har 80-åras tidsriktige vass-seng.
På soverommet i andre høgda legg vi ved sida av klesskåpa merke til den moderne og ruvande dobbeltsenga med innebygd radio.
I denne etasjen legg vi ellers merke til den tidstypiske, opne løysinga med boga, «sydeninspirerte» døropningar mellom fleire av romma.

de-heibergske-samlinger/stella.jpg.
de-heibergske-samlinger/stella-inne.jpg.