De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/a1e73732-abce-4990-ab92-c1e6ceff16d9-wml.jpg.
Undredalsstova

Røykstova kjem frå Undredal i Aurland kommune og var ei tid lensmannsbustad. Årstalet 1736 er skore inn i beten, bjelken som går tvers over stova. Somme trur derfor at stova vart bygd dette året, medan andre meiner at stova kan vera eldre. I alle høve er dette det fyrste huset som vart flytta til museet, alt i 1903.

Huset har tre rom: stova og koven, eller soverommet, er lafta, medan gangen er bygd i stavverk. Utedøra er todelt, «for å halda ungane inne og geitene ute» som det heitte. Huset har både røykomn og peis med pipe, og i taket er det ljore, der røyken frå den opne røykomnen kunne sleppa ut. Her er jordgolv, og langs tre av veggane er det veggfaste moldbenker. Dei er fylde med jord for å isolera mot trekken frå veggane. Det massive langbordet høyrde til det opphavelege innbuet i stova. Det vart kalla stabbebord, fordi bordplata kviler på to kraftige trestolpar eller stabbar. På eine langveggen er det eit lite vindauge med fire små, kuvne glasruter. Høgsete for enden av bordet er kome frå Fimreite i Sogndal. Det er også det eldgamle framskåpet med enkel dekor, der tulipanar og to hestar er måla i svart. Vogga som heng ned frå taket i ei vidje, kjem opphaveleg frå Jostedalen. Ho har eit vernande krossmerke innskore i eine enden

Stova var det einaste rommet som var oppvarma. Her vart maten laga og eten, her sov dei, og her dreiv dei med anna innearbeid. På svarvestolen dreia dei skåler og tretallerknar, og skinnbråka som er festa på beitskia mellom kovedøra og gangdøra brukte dei når dei mjuka skinn. Det var senger både i stova, koven og oppe på kovelemmen.

de-heibergske-samlinger/55699817-2484-473b-ad2a-f72f3b3c86e2-wml.jpg.