De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/vetastova-1696315963.jpg.
Vetastova

Denne lafta stova frå Lærdal er heilt spesiell. Der ei lita vaktstove som opphaveleg stod på fjellet Vetanosi mellom Lærdalsøyri og Fodnes, vel 1100 meter over havet. Stova har dør i eine gavlveggen og store gluggar med utsyn til dei tre andre kantane. Rundt veggene er det moldbenker, og midt på golver er det åre. Men denne stova har ikkje ljore i taket, for her ville dei heller sleppa røyken ut gjennom gluggane. Røyken kunne misstydast dersom han steig rett opp som ei søyle. I ufredstider sat tre fulllvaksne menn vakt her, og rett attmed stova stod trestokkane oppreiste på bålplassen. Såg dei fienden nærma seg, tende dei veten(varden) for å mobilisera.

Vete- eller vardebrenning vart innført for å varsla krig og ufred alt på 900-talet, av kong Håkon den gode. Vetane var slik plasserte at ein kunne sjå frå den eine til den neste når dei var tende. Slik kunne krigsbodet gå frå ein landsende til ein annan, både nord-sør og aust-vest, på nokre få dagar. Vetastova på museet høyrde til varslingslinja innover Sognefjorden, frå kysten og over Filefjell til Valdres.

Vetastova er truleg bygd om lag 1710 og vart sist brukt til varsling under Napoleonskrigane i 1807-14. i 1855 vart ho flytta ned til stølen Fagerset og nytta både som sel og sauefjøs. I 1912 vart så stova «gratis revet og baaret paa sterke skuldre fra Fagerset til Sandnes av 20 mænd», skriv museumsstyrar G.F. Heiberg, og held fram: «Nogen let bør var det ikke, men interesse for, at huset kom til hæder og værdighet hadde de karene, derfor bør de ogsaa her mindes med en tak.» Og takk fortener dei. Så vidt vi veit, er dette den einaste bevarte vetastova i landet.