De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/vigdalsloftet-1696246953.jpg.
Vigdalsloftet

Loftet vart bygt kring år 1600 på garden Nedre Vigdalen i Jostedalen som husly til folk som skulle over fjellet mellom luster og jostedalen. I andre høgda ser vi dei veggfaste sengene der gjestene låg.

Loftet er bygt i to høgder, med open svalgang langs tre av veggene. Den utvendige trappa er bogen, så ikkje geitene skulle klatra opp. Opphaveleg hadde loftet to lysglugger nede og fire oppe, men seinare er det skore ut ein stor glugge både oppe og nede.

Den kjende læraren, fjellmannen og naturmedisinaren Hans Vigdal (1855-1903) flytte loftet opp på fjellet til Vigdalsstølen i 1890. han brukte loftet, ellet «stallen» som han sa, som museum til planter, stein og anna som han samla på. Loftet vart freda av riksantikvaren i 1923 og flytt til museet fyrst på 1940-talet.

Ordet loft heng saman med substantivet luft og verbet og lyfta. Nemninga fortel altså at dette er eit hus med ein andre etasje, som er lyfta opp frå grunnen. Det var få loft på Vestlandet. Det fanst helst i bygder som grensa mor dalføra på Austlandet.