Holvikejekta
En familie med mor, far og to barn som står og ser på en stor båt.

Holvikejekta

6. juni opnar vi eit nytt verne og formidlingsbygg for den einaste autentiske, klinkbygde jekta i sitt slag, Holvikejekta. Av mange kalla sjøens stavkyrkje, brukt som frakteskute frå 1881 til 1906, men bygd med same teknikk som vikingskipa.

Opplev Holvikejekta - eit klinkebygd fraktefartøy frå 1881 - som er landets einaste i sitt slag!

Sjå denne nydelege filmen av Holvikejekta laga av Rakkar, og bli kjend med Holvikejekta.

Holvikejekta har stått på land sidan 1906, men i 2025 har ho endeleg fått eit eige verne- og formidlingsbygg å bu i. Gjennom eit besøk får du lære om Holvikejekta og jektefartshistoria i Noreg, og korleis jektene var viktige for lokalsamfunna langs kysten. Vi trekker også parallellar til bygging av Nordfjordbåten, som har ei tusen år gammal historie i Gloppen, og du vil finne ei eiga utstilling om dette på mesaninen.

I utstillingane vil du finne historiske fotografier, og tekstar som viser jekta si rike historie. Lær om jektefarten til Bergen, om båtbyggarane, og mykje meir. 

Fire kvinner i kjole og skaut står os er ut på fjorden, der ei jekt ligg ankra opp.
Holvikejekta på fjorden i 1906. Foto: E.J. Andersen fra Viking View Company, Minneapolis USA.

Holvikejekta er ein del av publikumstilbodet til Nordfjord Folkemuseum, som ligg på Sandane. Ved å kjøpe inngangsbillett får du tilgong til begge inkludert i billetten. Vis billetten din i resepsjonen ved ankomst.

Ønsker du å lære meir om Holvikejekta? Vi tilbyr omvisning etter avtale for skuleklasser, og andre grupper. Ta kontakt med oss på e-post for meir informasjon.

Dette kan du oppleve