Om samlinga
Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) er Sogn og Fjordane-regionen sin viktigaste forvaltar og formidlar av kunsthistorie og samtidskunst med over 1400 kunstverk i samlinga.
SFKM-samlinga byr på regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900- og 2000-talet, med nokre internasjonale innslag. Dei fleste verka er laga etter 1970, av om lag like mange kvinner som menn; ein sjeldan kjønnsbalanse i norsk museumssamanheng.
Kunstverka er kjøpt, gitt eller deponert til museet. Her finn du unike verk av både kjende og meir ukjende kunstnarar.
Gjennom verka får du eit innblikk i kva kunstnarane har sett, tenkt, skapt og ønskt å formidle vidare. Dei fortel historier om det å vere menneske, om naturopplevingar, om politisk engasjement og om rein estetisk leik med form og farge.