Likar du å teikne? Bli med på minikurs i teikning etter modell med biletkunstnar Aud Marit Skarrebo Holmen.
Minikurset passar både for deg som er ein erfaren teiknar og for deg som aldri har prøvd å teikne etter modell før. Ingen forkunnskapar krevjast, du vil få rettleiing frå kurshaldar Aud Marit undervegs.
Aktteikning er å teikne ein naken person, for å studere og skildre menneskekroppen og dens proporsjonar, anatomi og posering. Aktteikning er ei tradisjonell øving innan billetkunst.
Billetten inkluderar papir, kol til å teikne med og teikneplate til utlån. Ta gjerne med staffeli om du har det, og eige teikneutstyr om det er noko spesielt du likar å teikne med. Dei som vil kan teikne sittande, med teikneplata støtta mot ein stol. Dette fungerer heilt fint, så det er ikkje nødvendig å ha med staffeli for å delta.
Vi startar kvelden med ein introduksjon til aktteikning, ein kort presentasjon frå Aud Marit der vi ser på eksempel og snakkar om teknikk. Deretter blir det to timar teikneøkt, inkludert pausar. Vi jobbar både med raske skisser (croquis) og til slutt nokre økter der modellen held stillinga lenger.
Dørene opnar kl. 17.30 og det vert mogeleg å kjøpe seg noko å drikke frå kafèen den første timen. Kurset startar kl 18.00. Introduksjon til aktteikning (før vi startar å teikne) føregår i undervisningsrommet. Teikneøkta føregår i Høgsalen, inne i den stemningsfulle utstillinga «Gjenklang».
Velkommen til ein fin teiknekveld på kunstmuseet!

375 kr
300 kr m/årskortrabatt*
OBS: Kurset er plassbegrensa, sikre deg billett før det blir fullt! Ta gjerne med staffeli om du har, ellers er papir, teikneutstyr og teikneplate til utlån inkludert.
*Årskort må framvisast ved ankomst
Biletkunstnar Aud Marit Skarrebo Holmen har mellom anna utdanning frå Asker kunstskole og Avdeling Kunstakademiet v/Kunsthøgskolen i Bergen (nå Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst v/ Fakultet for kunst, musikk og design v/ UiB). Ho har undervist born, unge og vaksne i figurative teknikkar i meir enn 20 år.