Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/20250324_102512.jpg.

Babyomvising i utstillinga «Vest»

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Velkomen til babyomvising i utstillinga Vest. Verk frå Birger Mowinckels samling.

Babyomvising er ei omvising tilpassa deg som er i permisjon, som ønskjer litt kulturelt påfyll i lag med andre. Babyane får styre tempoet, og det er sjølvsagt fritt fram for skrik, byssing og bleieskift.  

I utstillinga Vest vil publikum for fyrste gong sjå verk av meistrar som J.C. Dahl, Kitty Kielland, Anders Askevold og Anna-Eva Bergman på Kunstmuseet sine veggar. Utstillinga gjev eit tematisk innblikk i vestnorsk kunst- og kulturhistorie med fokus på migrasjon, kunstnarmiljø, økonomi og næring. Her møter du både anerkjende kunstnarar som har sett sitt preg både på norsk og internasjonal kunst, og skaparkrefter som i dag er mindre kjende.

Det anbefalast å bruke beresele på babyomvising. 

BILLETTINFO

Babyomvising er gratis for dei med årskort i Musea i Sogn og Fjordane. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, 130 kr.

OBS: Det er begrensa antal plassar så alle som vil vere med må køpe/reservere billett via lenke øverst. Maks antal deltakarar: 12 vaksne med babyar.

Ved ankomst syner du billetten din i resepsjonen. Vogner kan plasserast i 1.etasje anten utanfor eller inne i vindfang eller i garderoben.