Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/slettemark-biografi-03.jpg.

Kunsttorsdag: Slettemark, Gjesvik og Aurdal

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Forfattersamtale og opning av utstillinga «Å møtast»

Denne torsdagen gler vi oss til – publikum kan oppleve både litteratur og kunst hand i hand.

Vi får besøk av forfattar Anders Gjesvik, som vil fortelje meir om sin biografi om Kjartan Slettemark, «Kunsten å bli sett». Den rykande ferske boka blei nyleg sluppe på Cappelen Damm til strålande kritikk frå ei rekkje aviser.

Museumsleiar Mayra Henriquez vil i samtale med Gjesvik løfte tema som Slettemarks Vietnam-bilete frå 1965, og korleis kunstnaren opplevde at heimbygda Naustdal vende ryggen mot han. Gjesvik vil også lese frå boka, og svare på spørsmål frå publikum.

Vi gler oss til eit djupdykk inn i Kjartan Slettemarks fargerike verden – bruk moglegheita til å høyre meir om ein av haustens snakkisar på bokfronten!

For de som er interessert i norsk kunsthistorie, er denne boken en gullgruve
- Jan Nyberg, Bergens Tidende

Om Anders Gjesvik

Anders Gjesvik (f. 1959) er førstelektor ved Institutt for journalistikk og mediefag ved OsloMet. Han er master i journalistikk frå Universitetet i Oslo i 2010 og har jobba som journalist i 20 år, hovudsakeleg i feature-avdelinga til Dagens Næringsliv.

kunstmuseet/anders-gjesvik-av-henrik-sorlie.jpg.
Foto: Henrik Sørlie

Etter samtalen med Anders Gjesvik opnar utstillinga «Å møtast», som syner det spektakulære verket «Intervju» av Siri Aurdal.

I Aurdal sitt svevande verk i pleksiglas, er publikum tenkt inn som ein del av verket. Intensjonen er at publikum skal kunne samhandle med det og sjå kvarandre gjennom det («Interview» = å sjå igjennom). Det å skape ei slik form for tilgjengeleg, inkluderande og sosial kunst som «Intervju», var helt i tråd med internasjonale tendensar i både feministisk kunst, og annan politisk engasjert kunst på den tida (1969).

«Intervju» er det største verket som er kjøpt inn til Sogn og Fjordane Kunstmuseum si samling. Frå 17. oktober 2024 kan du sjå dette verket fylle heile Høgsalen på kunstmuseet.

  • Kafè Sobra stenger kl 19.30 og kunstmuseet stenger kl. 20.00 denne kvelden.

kunstmuseet/siri_aurdal_utstilling_msf_01648_foto_henning_a.__hellebust,-liten.jpg.
Utsnitt av verket «Intervju» av Siri Aurdal.