Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/bjørn_venø/bilde1.png.

Bjørn Venø - ARTHEMIST

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Om utstillinga

Bjørn Venø ønskjer å vere som heimøya hans Venøy i havgapet på Stadtlandet. For han gjev øya kraft til menneska, så dei kan gro og vekse. Naturkrafta er solid for Venø. I kunsten vil han gje att den store opplevinga som naturen kan gje deg.

Staden er rett og viktig for Venø. Sogn og Fjordane opplever at fleire kunstnarar flyttar frå staden dei er fødd. Dei få som vel å bli kan, i følgje Venø, møte eit raust engasjement for kunsten sin i lokalmiljøet sitt.

Samstundes er Venø redd for at kunsten ikkje betyr nok for mange menneske. Korleis kan kunst bety noko, når vi er vande med å berre verte forbrukarar? Venø meiner at produkta hopar seg opp og skygger for sollyset, som fôrer menneskesinna. Kunsten til Venø skal være næringa som gjer at nye tankar bli sådd, blomstrar og bær vekstar som nye idéar og innsikter.

Om kunstnaren

Bjørn Venø (f 1979, er bosett og arbeider på Venøy i Stad kommune) er ein kunstnar som jobbar med foto, video, performancekunst, skriving, teikning og musikk. Det å mislykkast, identitet, kjønn og metafysikk vert utforska ved å bruke fri assosiasjon, intuisjon og eigenskapane til narren. Venø har ein master i fotografi fra Royal College of Art i London. Arbeida hans er i museumsarkiv ved Norton Museum of Art, West Palm Beach, Florida, USA, og Museum Palazzo Riso, Palermo, Italia.

Bjørn Venø, 2023.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum varetek kunstsenterfunksjonane i region Sogn og Fjordane. Separatutstillinga utgjer ein del av kunstsenterfunksjonane.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

2. januar — 22. desember
2024
tysdag-sundag kl. 11-16
torsdag kl. 11-18
måndag stengt

Prisar

  • Barn 0–18 år: Gratis
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Vaksne: 120 kr
  • Gruppe (15+*): 100 kr, ta kontakt på sfkm@misf.no

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde