Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/magiske-masker.jpg.

Familieverkstad: Magiske masker

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Mørketida er her...Halloween og Allehelgensdag er rett rundt hjørnet – har du og minsten kostymet klart? På laurdag lagar vi masker som kan lyse i mørkeret!

På verkstaden får borna utdelt ei kvit maske i papp som dei kan dekorere med måling. Først med fargar og når målinga har tørka kan dei pynte maska med sjølvlysande måling.

Når maska er ferdig kan de gå inn i utstillinga "Å møtast" og sjå kor fint den lyser (museumsverten i resepsjonen slår av lyset og de får med lanterne og lommelykt!). Kunstinstallasjonen i utstillinga blir ein ekstra spennande labyrint når ein har på sjølvlysande maske.

kunstmuseet/familieverkstad-magiske-masker-aurdal-a-motast.jpg.
Til venstre: frå utstillinga «Å møtast» som syner pleksiglasinstallasjonen «Interview» av Siri Aurdal. Til høgre: utforsk labyrinten av farga pleksiglas med di eiga sjølvlysande maske.
Billettinfo

Familieverkstaden og utstillingane er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må bli følgt av ein føresett på verkstaden.

-

For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen ved ankomst.

-

Merk: alle som vil delta på verkstaden må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.