Den nye store utstillinga vår Vest tek opp ulike tema som migrasjon, kunstnarmiljø, næring og kystkultur på vestlandet. Båten spelar ei viktig rolle både som verktøy, symbol og motiv. Sjøfart har fremja handel, idear, kulturutveksling og knytt vestlandet til verda. Så på den første familieverkstaden i tilknyting Vest får båten bokstaveleg talt spele hovudrolla!
Bli med å brette kjempestore båtar vi kan sette på hovudet ;-)
På verkstaden får de lære origami (papirbretting) i form av papirbåt. De får prøve å brette båtar i alle slags størrelsar, kanskje ein minibåt er vel så morosamt som ein stor? Når båthattane er ferdig bretta kan de sjølvsagt dekorere dei om de ønskjer, med tekst, teikning og småpynt. Kanskje de finn inspirasjon frå dei over 50 ulike vestlandsmotiva i utstillinga? Ta gjerne på dykk båthattane og oppdag utstillinga med dykkar nye hovudplagg. Kor mange båtar kan de finne tilsaman i bildene i utstillinga? Oppgje svaret dykkar i resepsjonen, premie for rett svar!


Familieverkstaden og utstillingane er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett på verkstaden.
-
For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen ved ankomst.
-
Merk: alle som vil delta på verkstaden må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.
-
Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn.
Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane på museet eller ein kakao i kafeen medan de ventar.