I utstillinga til Marianne Morild, "Tunger i tre, preiker i steinar" ser vi store måleri og små skulpturar inspirert av naturen...eller, er det noko menneskeleg med dei òg? Blant formene frå plantar og ørsmå vekstar – er det eit hovud der? Nokon som held rundt kvarandre? Plantar, dyr og menneske smeltar saman i finurlege små skulpturar – kva ser du?
Denne laurdagen skal vi leike oss med leire og ting frå naturen til å lage rare og kule små skulpturar! Korleis kan du få stein, bark og leire til å forme (eller skjule) eit menneske? Kanskje du kan lage ein "natur-kyborg", eit vesen som er halvt plante/halvt menneske? Korleis ser din "naturfigur" ut?