Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/familieverkstad_monstring-2024_sfkm_ksf.jpg.

Familieverkstad: STAD - TILKNYTING - RØRSLE

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

I samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum inviterer Kunstnarsenteret små og store til å la seg inspirere av utstillinga Mønstring 2024 i familieverkstaden STAD - TILKNYTING - RØRSLE.

Verkstaden finn stad på Kunstmuseet og temaet er collage. Ulike materialar vil vere tilgjengeleg, alt frå papir til tekstil, for klipping, liming og fargelegging. Både born og vaksne kan lage ein collage inspirert av eit verk frå utstillinga, naturen eller kanskje eit kart av staden ein kjem frå? Om du ikkje let fantasien ta styringa.

Biletkunstnar Aud Marit Skarrebo Holmen er ein av kunstnarane som deltek i utstillinga Mønstring 2024, og ho vil rettleie alle kunstnarspirar som kjem på verkstad. Velkomne!

BILLETTINFO

Familieverkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett.

For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet.

Merk: alle som vil delta på verkstaden (uansett om du har årskort eller skal kjøpe billett) må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.

Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn.

Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane på museet eller ein kakao i kafeen medan de ventar.

Arrangementet er ein del av programmet tilhøyrande utstillinga "Mønstring 2024. Stad - Tilknyting - Rørsle" i samarbeid med Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane.