Fredag 1. november kl. 18.00 har Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane gleda av å opne utstillinga Mønstring 2024. Stad, tilknyting, rørsle på Sogn og Fjordane kunstmuseum.
Mønstring er ei medlemsutstilling for kunsthandverk og biletkunst av organiserte kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Utstillinga er etter kvart blitt ein tradisjon, og vert vist kvart tredje år ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde. Det er medlemmer av Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge, avdeling Sogn og Fjordane, som kan delta i utstillinga.
I Sogn og Fjordane kan vi med denne utgåva av Mønstring feire at vi har fått ein ny møteplass og etter kvart ein eigen visningsstad, Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane. Kunstnarsenteret er eit av 15 regionale kunstsenter i Noreg, og vart reetablert i 2022 etter å ha vore husa av SFKM dei siste tjue åra. Vi driv formidlingssal av biletkunst og kunsthandverk, og KSF er i utvikling for å bli eit ressurssenter for kunstnarar, privatpersonar, verksemder og offentlege institusjonar i regionen.
Vi ynskjer at årets Mønstring skal skape rom for ulike stemmer og møter. Og at utstillinga gir eit bilete av kva som rører seg blant kunstnarar knytt til regionen, anten dei bur på avsidesliggande stadar, i tettstadar i regionen eller i større byar elles i landet - og verda.
Og vi spør oss kven er medlemmar i Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane i dag? Bur dei i Sogn og Fjordane eller har dei ei anna tilknyting til regionen? Kva stadar bur dei på og har denne staden ei betydning for kunstnarskapen deira?
Mønstring 2024. Stad, tilknyting, rørsle er ei salsutstilling der publikum får mogelegheit til å både oppleve og kjøpe samtidskunst på høgt kunstnarisk nivå.
Kunstnarane som deltek er:
Anita Eide, Anne Lise Stenseth, Anne-Gry Løland, Arild Bergstrøm, Astrid Wittersø, Aud Hanna Indrebø, Aud Marit Skarrebo Holmen, Aud Sissel Hestenes, Audgunn Naustdal Holsen, Bjørn Venø, Britt Smelvær, Dina Norheim, Gerd Endestad, Hjalmar Lothe, Inghild Sleire, Janne Nes, Jens Hauge, Jone Skjensvold, Jorunn Mulen, Karen Helga Maurstig, Karina Siegmund, Kristina Austi, Marina Venendaal, Marit Gunhild Arnekleiv, Marius Moldvær, Reidun Rose Vinda, Sigrid Bjørkedal, Sol Hallset, Solveig Haukaas, Turid Haye, Aase Skrivervik, Magne Vangsnes.
Utstillinga blir til i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og med tilskot frå Kulturrådet, Vestland fylkeskommune, Sunnfjord kommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.