Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Kunstmuseet
kunstmuseet/05_foto-guri-guri-henriksen-scaled.jpeg

Guri Guri Henriksen – Det som blei igjen

28. mai - 28. august
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Om utstillinga

Papirkutta i Det som blei igjen tek utgangspunkt i anatomiske trykk og plansjar. Verka er forma med ein forvitenskap for visuelle strukturar av kropp, men utan gjengjeving av systema. Den rasjonelle kroppen frå medisinske plansjar vert teke frå kvarandre i former og lag.

Guri Guri Henriksen teiknar med kniv, installasjonen tek utgangspunkt i musklar, vener, lymfer, og kroppen sine skjulte former. Abstrakte figurar og mønster oppstår i denne prosessen. Kvart flak har ein strukturell logikk, og er ein del av ein rytme med lengder som repeterast i rommet.

Guri Guri Henriksen (1969, Oslo) er utdanna ved Kunstakademiet i Paris. I 2014/15 samarbeidde ho med teaterregissør og dramatikar Anne-Mali Sæther frå Animalske produksjonar og skodespelar Henriette Blakstad (Grusomhetens teater). Sidan har Henriksen òg skapa scenografi til skuggespelproduksjonar. Parallelt har ho utvikla eige kunstverk/papirkutt. Arbeida hennar har vore vist på internasjonale kortfilmfestivalar, på Tegnebiennalen, Austlandsutstillinga, Vestlandsutstillinga og Tegnerforbundet. I 2005/06 var Henriksen med på ei gruppeutstilling som reiste i Noreg med Riksutstillingene, deriblant til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Hausten 2020 hadde ho separatutstilling med papirkutt på Nesodden kunstforeining.

Toppbilde: Guri Guri Henriksen, "Det som ble igjen", 2019–2022 © Guri Guri Henriksen/BONO. Foto: G.G. Henriksen.

Utstillinga er ein del av kunstsenterfunksjonane som blir ivaretatt av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Videoen er laga av RAKKAR.

Utstillinga er støtta av:

kunstmuseet/2_tildelt_rpm_svart_cmyk.jpeg
kunstmuseet/kulturradet_endorser_svart_nynorsk.png