Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/hekt/15.miljokunst-forde-1989-3.jpeg.

HEKT – tekstilkunst frå samlinga

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum si samlingsutstilling syner fram tekstilkunsten i samlinga. Kvifor har vi kunstverk i samlinga som ikkje har vore vist fram på 30 år, og som no står fram som våre viktigaste skattar?

Vi veit ikkje sikkert kvifor Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ei av dei sterkaste tekstilkunstsamlingane i Noreg. Mykje er samla inn frå miljøet rundt Heimeyrkeskulen på Jøster; eit tidleg kraftsenter for norsk tekstiluknst på 1970-talet. Frå lærarane sine eigne prosjekt, men òg frå elevar som sidan vart kunstnarar i sin eigen rett. Andre delar av samlinga kjem utanfrå, frå resten av Noreg. Nokon har tatt eit val om at det er hos oss kunstverka høyrer heime. Kanskje på grunn av dei lange tekstiltradisjonane i området?

I HEKT har vi hekta av all anna kunst, og berre latt tekstilen stå igjen. Den nye samlingsutstillinga er ei moglegheit til å sjå kunstverket Hilsen til silkespinnerkskene i Bangladesh – Svanesong av Elisabeth Haarr – nyleg tilbake frå innlån hos Festpillutstillinga i Bergen – og Bedekningstil laga av Elsebet Rahlff til Miljøkunst`89 i Førde i 1989. I utstillinga legg vi vekt på dei lokale tekstilkunsthistoriene og vi viser fram viktige verk frå samlinga av lokale kunstnarar som Astrid Myklebust, Astrid Wittersø, Audgunn Naustdal Holsen, Britt Smelvær og Marius Moldvær.

Dette er ei første oppreisning til ei oversett del av vår eiga samling – vi håper det kjem fleire.

Kurator: Eirin Mailund Svendsen
Kurator formidling: Kathrine H.S. Skarsholt

Med kunstverk frå samlinga av:

Astrid Myklebust, Elsa Eikaas, Elisabeth Haarr, Tove Pedersen, Astrid Wittersø, Britt Smelvær, Agnes Guttormsgaard, Sissel Calmeyer, Ingunn Bakke, Kjellaug Haugen Holter, Sarah Vajira Lindström, Janne Nes, Hanna Roloff, Kjartan Slettemark, Elsebet Rahlff, Kari Dyrdal, Unn Sønju, Audgunn Naustdal Holsen, Karina Siegmund, Brit Fuglevaag, Marius Moldvær, Wenche Kvalstad Eckhoff, Sidsel Moe, Søren Krag, Anne Aanerud