Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/erlend_o_n_dtvedt_fotokred_elias_dahlen_beskjert.jpg.

Kunsttorsdag: Føredrag og samtale / Det havvende landet – i kunst og litteratur med Erlend Nødtvedt

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum inviterer til ein kveld kor litteratur, kunst og historie møtast. 

Forfattar Erlend Nødtvedt er mellom anna kjend for romanen Vestlandet (2017), ei bok som har oppnådd kultstatus, og som tidlegare i år blei sett opp som teaterframsyning på Vestland Teater. Denne kvelden møter vi han i eit anna format, der han held eit føredrag om kva det vil seie å skrive nye historier – å gjere eldre forteljingar til sine, utfordre tradisjonar og sjå dei på nytt med friske, aktualiserande auge. 

Etter føredraget følgjer ein samtale mellom Nødtvedt og kuratorane Tor Martin Leknes og Mayra Elena Henríquez. Samtalen bind Nødtvedts refleksjonar til museet si aktuelle utstilling Vest, der verk frå Birger Mowinckels samling – supplert med utval frå museet si eiga kunstsamling – viser korleis kunstnarar gjennom 200 år har tolka og omskapt vestlandske landskap. Utstillinga opnar for refleksjon rundt kreative møtestader og Vestlandet sine kulturelle og økonomiske samband med verda omkring. 

Velkomen til ein kveld som opnar for nye perspektiv og gjev deg sjansen til å sjå regionen vår på nytt – gjennom litteraturen, kunsten og samtalen. 

Praktisk informasjon: 
Dørene opnar kl. 18:00. Vi anbefaler å ta ein runde i utstillinga Vest i forkant av arrangementet, som startar kl. 18:30 i museet sin 1. etasje. Det er mogleg å nyte forfriskingar frå museet sin kafé under arrangementet. 

kunstmuseet/sfkm_plakat_vest_a2_ny-farge-02-030425.jpg.