I anledning 17. mai - ein dag der vi feirar nasjonen - er det verdifullt å stille spørsmåla: kva betyr det å høyre til? Kva vil det seie å vere "vestlending", eller "norsk", i ei verd prega av migrasjon, kulturutveksling og endring?
Utstillinga Vest, basert på innlån frå Birger Mowinckels kunstsamling, løftar fram mange ulike blikk på Vestlandet - både som stad og som idé. Her finn vi nasjonalromantiske landskap, bilete av arbeid og natur, men også meir moderne uttrykk som utfordrar korleis vi forstår identitet, tilhøyre og kultur.
Kunstverka i Vest viser både stoltheit og tilhøyre, men også kompleksitet. Landskapa handlar ikkje berre om vakker natur, men også om arbeid og bevegelse. Om røter - og om reising. Vest minner oss om at identitet ikkje er statisk - den er i stadig bevegelse. Vestlandet i verda, og verda i Vestlandet.
Du vil i tillegg få høyre meir om kuratorane sine synspunkt på private kunstsamlingar, som finn vegen til museumsveggane.
Velkomen til kuratorsamtale med Mayra Henriquez og Tor Martin Leknes. Dørene opnar kl. 18.00 og Kafè Sobra held ope under heile arrangementet.
For dei med årskort i Musea i Sogn og Fjordane - 50 kr
Vaksen - 130 kr
Honnør/student - 100 kr
Born 0-17 år - Gratis