Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Sayed Sattar Hasan,

Kunsttorsdag: kunstnarsamtale med Sayed Sattar Hasan og alter-egoet hans Hasansen

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Møt kunstnaren Sayed Sattar Hasan og alter egoet hans Hasansen! Denne kvelden blir du betre kjend med Hasansen si kunstneriske reise og kunstpraksis i samtala mellom kunsthistorikar og museumsleiar Mayra Henríquez og kunstnar Sayed Sattar Hasan.

I utstillinga Hasansens kjelke i Høgsalen kan du med på ei samtale i kunstverka til Hasan om nasjonal identitet og korleis ta eigarskap til eiga historie. Samtala søker å sjå på korleis samtidskunsten kan bidra inn kring tenkinga om identitet, og dei alternative historiene og måtar å sjå samfunnet på.

Sayed Satter Hasan ønskjer óg at kunstnarmøtet kan sette igang ein gjensidig læringsprosess hjå han og deg. Han vil betre ei utvida forståelse av nasjonal identitet, stoltheit og kulturarv gjennom ei utforskande nysgjerrigheit (og ein solid dose humor!) i eige kunstnarskap. Kunstnarsamtala byr på ei utveksling av tanker og refleksjoner i fellesskap med deg og Hasan.

Samtala blir holdt på engelsk, med rom for spørsmål på norsk.

Billettinfo

Kunsttorsdag gjev deg inngang til samtala og alle utstillingane med vanleg inngangsbillett. Sikre deg eit årskort, så kjem du gratis inn på alle kunsttorsdagane i 2023! Og du - har du tenkt over at eit år med opplevingar er ein sabla god og berekraftig julegåve?

Planlegg besøket ditt

Opningstider

2. januar — 31. desember
tysdag-sundag kl. 11-16
torsdag kl. 11-18
måndag stengt

Prisar

  • Barn 0–18 år: Gratis
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Vaksne: 120 kr
  • Gruppe (15+*): 100 kr, ta kontakt på sfkm@misf.no

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde