Vil du vite meir om Strandamålarane og kvifor det no heng over tohundre innlånte Strandamåleri frå publikum i Høgsalen? Bli med på ei spennande kunstvandring og få ein unik sjanse til å høyre direkte frå kunstnarane sjølv – kva tankar ligg bak utstillinga "Kunst i dei tusen heimar"?
Alt Går Bra inviterar deg med på ei uhøgtideleg vandring gjennom utstillinga sine to delar, som strekk seg over to etasjar på museet. Her vert det rom for både små og store spørsmål om kunst.
"Kunst i dei tusen heimar" er årets festivalutstilling under Førdefestivalen.


Billettinfo
Arrangementet er i samarbeid med Førdefestivalen og er gratis m/festivalpass, andre billettar vert selt på museet.
Om Alt Går Bra
Alt Går Bra er eit kunstkollektiv med base i Bergen og Paris. Deira arbeid har blitt stilt ut mellom anna i Nasjonalmuseet, Kode, Victoria and Albert Museum, Palais de Tokyo, University of Westminster. AGB sine arbeid er representert i Nasjonalmuseet, Kode og KORO sine permanente kunstsamlingar. I 2022 vart dei tildelt Subjektprisen som Årets kunstnar.
Meir om utstillinga "Kunst i dei tusen heimar - Stig på!"
Meir om utstillinga "Kunst i dei tusen heimar - Ovanpå"
Alt Går Bra
