Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/utstilling-de-humanize-msf-06422.jpg.

Kuratoromvising de:HUMANIZE

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Bli med på omvising i utstillinga de:HUMANIZE. Kuratorane Tor Martin Leknes og Mayra Henríquez tek deg med bak kulissane og gir eit innblikk i arbeidet med å utvikle utstillinga.

I de:HUMANIZE presenterer vi verk av 23 kunstnarar frå heile verda. Tittelen spelar på ordet «dehumanisere» – eit omgrep som dessverre pregar nyheitsbiletet vårt stadig oftare. Men i uthevinga av HUMANIZE ligg også motkrafta: kunsten si evne til å minne oss om kva det vil seie å vere menneske. Her får du oppleve kunst som både utfordrar, rører og opnar rom for håp.

Blant kunstnarane finn vi internasjonale namn som Igshaan Adams, aktuell med separatutstilling ved Guggenheim Museum Bilbao, Nilbar Güreş, som representerer Tyrkia under Veneziabiennalen 2026, og den kontroversielle amerikanske kunstnaren Andres Serrano.

Dette er ei sjeldan moglegheit til å oppleve internasjonal samtidskunst av høg kvalitet – midt i Førde.

På ei kuratoromvising får du høyre meir om kunstnarane, verka og tankane bak utstillinga. Korleis blir ei utstilling til? Og korleis heng dei ulike uttrykka saman med utstillinga sitt overordna tema? Du får også høve til å stille spørsmål direkte til dei som har hatt ansvaret for å velje ut verka og forme utstillinga.

Velkomen!

BILLETTINFO

Det er gratis å vere med på omvisinga så lenge du har inngangsbillett til museet eller årskort i Musea i Sogn og Fjordane.