Bli med på omvising i utstillinga «Eg målar i draume». Kurator Kristine Kolrud tek deg med inn i historia og kunstnarskapen til ein fascinerande målar.
Frida Rusti (1861–1963) var opphaveleg tysk, men budde mesteparten av livet på Vestlandet. I samtida var ho ein etterspurd portrettmålar, og ho er særleg kjend for sine uttrykksfulle barneportrett. Rusti hadde høg aktivitet gjennom ein usedvanleg lang karriere og var dessutan viktig for kunstnarmiljøet. Trass i at ho var kvinne og utanlandsfødd, kom ho raskt inn i norske miljø, men har fått lite merksemd i forteljinga om den norske kunsthistoria.
Utstillinga framhever hennar betyding og viser eit utval av portrett, kvardagsscener, landskap og stilleben frå 1880- til 1960-talet.
På ei kuratoromvising for du moglegheit til å høyre meir om kunstnaren og ideane bak utstillinga. Du kan stille spørsmål direkte til den som har hatt ansvaret for å velje ut verk.
Omvisinga er gratis, men du må ha gyldig billett til utstillinga.
Vi ber om at du førehandregistrer oppmøtet ditt / reserverer plass øvst på sida her, via lenke.
Inngangsbillettar kan kjøpast på museet. Ordinær billett: 120 kr. Honnør / Student: 100 kr.
Dersom meir enn 15 personar er registrerte, vert det organisert to omvisningsrundar.