Har du høyrt begrepet abstrakt ekspresjonisme, men ikkje fått heilt taket på kva det eigentleg er? Lyst til å lære meir om kunst og få kunnskap om ein av vår regions største modernistiske målarar? Då bør du bli med på omvising i "Rolv Muri. Eg målar med jord under neglene".
Rolv Muri (1921-1992) var bonde på dagtid, og målar på natta. Han var stadbunden, og gjekk mot straumen når han valde eit liv utanfor storbyen. Kunsten var i så måte inspirert av eit liv blant vakre fjell og fjordar i Olden, men sjølve uttrykket i bileta var abstrakt og moderne. Eit slikt internasjonalt formspråk var ikkje uvanleg, men Muri sin karakteristiske og kraftfulle stil hadde mykje til felles med langt større namn i hans eiga samtid.
Å sjå ei utstilling med omvisar kan ofte gje ei større kunstoppleving. Omvisaren gjev deg "nøklar" som gjer kunsten meir tilgjengeleg: du kan få svar på spørsmål om korleis kunstnaren jobba fram verka, kva tankar og idear som ligg bak og kva kontekst kunsten vart laga i. Og ikkje minst får du moglegheit til å stille spørsmål om akkurat det du lurer på. På ei kuratoromvising får du sjansen til å høyre direkte frå den som har hatt ansvar for og valt ut verk til utstillinga. Bli med kurator Ingrid Norum på ei kunstreise i Rolv Muri sine abstrakte og fargesterke naturinntrykk.
Det er gratis å vere med på omvisingane så lenge du har inngangsbillett til museet eller årskort. Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld og oppmøtestad er resepsjonen i første etasje.