Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Kuratorane Mayra Henriquez og Tor Martin Leknes framfor eit av kunstverka du kan sjå i utstillinga Vest.

Kuratoromvising i «Vest. Verk frå Birger Mowinckels samling»

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Bli med kuratorane Mayra Henriquez og Tor Martin Leknes på ei kunstreise gjennom vestlandet!

På kuratoromvising får du sjansen til å høyre direkte frå den som har hatt ansvar for og valt ut verk til utstillinga. I Vest vil publikum for første gong sjå verk av meistrar som J.C. Dahl, Kitty Kielland, Anders Askevold og Anna-Eva Bergman på Kunstmuseet sine veggar. Med Vest utvidar vi vårt vanlege regionale fokus frå Sogn og Fjordane til heile vestlandskysten, og viser verk frå 1840 og fram til i dag.

Utstillinga gjev eit tematisk innblikk i vestnorsk kunst- og kulturhistorie med fokus på migrasjon, kunstnarmiljø, økonomi og næring. Her møter du både anerkjende kunstnarar som har sett sitt preg både på norsk og internasjonal kunst, og skaparkrefter som i dag er mindre kjende.

kunstmuseet/anders-askevold_passasjerene-ros-ut-til-dampbaten.jpg.
Eit av dei 62 kunstverka du kan sjå i utstillinga: Anders Askevold, «Passasjerene ros ut til dampbåten», 1895, olje på lerret.

Vest er resultatet av eit tett samarbeid med Birger Mowinckel (f. 1927) og hans familie, som har lånt ut 48 verk til utstillinga. Mowinckel har samla på kunst frå vestlandet i ei årrekkje, og samlinga er av dei største privateigde som består av vestlandskunst. Musea i Sogn og Fjordane har også supplert med verk frå eigne samlingar til utstillinga på Kunstmuseet, og totalen omfattar 62 kunstverk.

Kuratorane sit på stor kunnskap om kunstnarane, verka og ideane bak utstillinga. Benytt sjansen til å få ei omvising rett frå "kjelda", med spennande anekdotar og det er sjølvsagt mogeleg å stille spørsmål. Velkomen!

BILLETTINFO

Det er gratis å vere med på omvisinga så lenge du har inngangsbillett til museet eller årskort i Musea i Sogn og Fjordane. Maks antal deltakarar: 25. Reserver plass i billettlenke øverst.