Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/media-(2).jpg.

Omvisingar i utstillinga "Rolv Muri. Eg målar med jord under neglene"

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Har du høyrt begrepet abstrakt ekspresjonisme, men ikkje fått heilt taket på kva det eigentleg er? Lyst til å lære meir om kunst og få kunnskap om ein av vår regions største modernistiske målarar? Då bør du bli med på omvising i "Rolv Muri. Eg målar med jord under neglene".

Rolv Muri (1921-1992) var bonde på dagtid, og målar på natta. Han var stadbunden, og gjekk mot straumen når han valde eit liv utanfor storbyen. Kunsten var i så måte inspirert av eit liv blant vakre fjell og fjordar i Olden, men sjølve uttrykket i bileta var abstrakt og moderne. Eit slikt internasjonalt formspråk var ikkje uvanleg, men Muri sin karakteristiske og kraftfulle stil hadde mykje til felles med langt større namn i hans eiga samtid. Så kven var eigentleg denne målaren med jord under neglene? Utstillinga syner verk frå heile den 50 år lange karriera hans, her får du verkeleg sjansen til å fordjupe seg i Muris liv som kunstnar. Bli med på omvising desse dagane:

  • 4. november kl. 13:00-13:45, med Fridtjov Urdal

  • 18. november kl. 13:00-13:45, med Fridtjov Urdal

  • 2. desember kl. 13:00-13:45, med Ingrid Norum

  • 16. desember kl 13:00-13:45, med Fridtjov Urdal

  • 1. februar kl 17:00-17:45, med Ingrid Norum

  • 22. februar kl 17:00-17:45, med Henriette Bekjorden Hukset

  • 14. mars kl 17:00-17:45, med Tor Martin Leknes

  • 6. april kl 13:00-13:45, med Ove Eide

Bilettinfo

Det er gratis å vere med på omvisingane så lenge du har inngangsbillett til museet eller årskort. Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld og oppmøtestad er resepsjonen i første etasje.