Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Utedo med slipestein og vedla.

Seminar om Astruptunet

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Vi inviterar til gratis seminar der du kan høyre meir om alt arbeidet som har blitt gjort i Astruptunet dei siste åra!

kunstmuseet/pxl_20240521_174227331.jpg.
Astruptunet i vårsola nokre veker før nyopninga 23.06.

I samband med nyopninga av Astruptunet dukkar vi ned i materien om den berømte kunstnarheimen. Gjennom dette seminaret får du høve til å høyre Arkadia landskap ved landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen fortelje om sitt mangeårige arbeid med kunstnarheimen. Lars-Henrik Milert frå T-2 Prosjekt har leia prosjektet med rehabilitering av tunet, og han vil fortelje om det omfangsrike arbeidet som ligg bak det store løftet staden har fått. Avslutningsvis vil direktør for kunstavdelinga i MiSF, Tor Martin Leknes, snakke litt om kva framtida kan by på i Astruptunet.

Program

Kl. 12.30: Ingeborg Mellgren Mathiesen om sitt forskingsarbeid på Astruptunet

Kl. 13.00: Lars-Henrik Milert om rehabiliteringsprosjektet på Astruptunet

Kl. 13:30: Pause

Kl. 14:00: Tor Martin Leknes om framtida i Astruptunet

Arrangementet er gratis, men har begrensa antall plassar.