Utstillinga "Kunst i dei tusen heimar" skildrar kunstkollektivet Alt Går Bra si oppdagingsreise gjennom Strandamåleria si unike historie.
Første del av utstillinga, "Stig på!", med innlånte Strandamåleri frå publikum opna i Høgsalen tidlegare i vår. Denne delen av utstillinga vil halde fram med å vekse ettersom publikum kan levere inn Strandamåleri gjennom heile utstillingsperioden. No har kvelden kome der vi opnar dørene til andre og siste del, "Ovanpå". Her vil publikum få sjå Alt Går Bra sine eigne kunstverk, installasjonar basert på det innsamla materialet om Strandamåleria og refleksjonar rundt Strandamålarane sin produksjon.
Utstillinga i sin heilskap tek opp store spørsmål som mellom anna kva kan reknast som kunst? Kva er kunstnarisk kvalitet? Og kva kan kunsten gjere med oss?
Program for kvelden:
18:00 Dørene opnar
18:15 Offisiell opning. Helsing frå Førdefestivalen ved direktør Sølvi Lien, opningstale ved Terje Lyngstad og musikalsk innslag av Thea Hjelmeland. Utstillingane og Kafè Sobra held ope.
20:00 Museet stenger
Gratis inngang og lett servering.
Velkomen til utstillingsopning!
"Kunst i dei tusen heimar" er årets festivalutstilling under Førdefestivalen.
