Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/nettside_banner_event_opning-test02-1682322395.jpg.

Utstillingsopning Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane kunstmuseum

Velkomen til opning av utstillinga "Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar" på Sogn og Fjordane Kunstmuseum

18:30 – Dørene opner
19:00 – Opning

  • Velkomst og opning v/ Tor Martin Leknes, Mayra Henriquez og Solveig Berg Lofnes frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Astruptunet

  • Opningstale v/ ordførar Jenny Følling og Hilde Bjørkum, kommunalsjef kultur og idrett

  • Opningskonsert med Erlend Apneseth

  • Takk og avsluttande ord v/ Jan Heggheim, administrerande direktør Musea i Sogn og Fjordane

Det blir enkel servering.
I tillegg er Kafe Sobra er opent.

Kunsten til Nikolai Astrup har nyleg vore på turnè frå Bergen til London, Massachusetts og Oslo - no kjem fleire av desse bileta til Førde og i denne utstillinga får du sjansen til å gjere eit djupdykk i dei.

Astrup var ikkje berre ein nytenkande målar og grafikar, han hadde stor omtanke for naturen og eksperimenterte og jobba fram sin eigen sjølvbergingshage på Sandalstrand. Med hendene skapte han slik si verd, som i dag er mogeleg å oppleve i Astruptunet.

I Sunnfjord si eiga storstove for kunst er vi glade for å ynskje velkomen til den første utstillinga av Astrups kunst. Utstillinga vil vise verk frå den seine delen av kunstnarskapet, og for publikum kan ein sjå fram til måleri som Marsmorgen, og Revebjeller i form av både måleri, grafikk og trykkeplater. Vi gler oss også til å vise ein unik Astrup-installasjon, som vart utvikla til utstillinga "Brikker", som blei vist på MUNCH og Kode.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

6. januar — 31. desember
2025
tysdag-sundag kl. 11-16
måndag stengt
1. mai — 9. juni
Arbeidernes dag 1. mai: Stengt
Nasjonaldagen, 17. mai: Stengt
Kristi himmelfartsdag, 29. mai: Stengt

Pinseafta, laurdag 7. juni: 11-16
Første og andre pinsedag, 8. og 9. juni: Stengt

Prisar

  • Barn 0–17 år: Gratis
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Vaksne: 130 kr
  • Gruppe (15+*) min 15 pers.: 110 kr

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde