Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/at-0404,-apnesethrepro_-revebjeller_redigert_storrelse_01.jpg.

Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane kunstmuseum

Kunsten til Nikolai Astrup har nyleg vore på turnè frå Bergen til London, Massachusetts og Oslo - no kjem fleire av desse bileta til Førde og i denne utstillinga får du sjansen til å gjere eit djupdykk i dei.

Astrup var ikkje berre ein nytenkande målar og grafikar, han hadde stor omtanke for naturen og eksperimenterte og jobba fram sin eigen sjølvbergingshage på Sandalstrand. Med hendene skapte han slik si verd, som i dag er mogeleg å oppleve i Astruptunet.

I Sunnfjord si eiga storstove for kunst er vi glade for å ynskje velkomen til den første utstillinga av Astrups kunst. Utstillinga vil vise verk frå den seine delen av kunstnarskapet, og for publikum kan ein sjå fram til måleri som Marsmorgen, og Revebjeller i form av både måleri, grafikk og trykkeplater. Vi gler oss også til å vise ein unik Astrup-installasjon, som vart utvikla til utstillinga "Brikker", som blei vist på MUNCH og Kode.

kunstmuseet/brikker_montering_40.jpg.
Installasjonen frå utstillinga "Brikker", vist ved Kode og MUNCH, får du snart sjansen til å oppleve på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. 3D-animajson og lyd av Yoke, København.
kunstmuseet/sponsorlogoar-astrup-01-01.svg.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. august — 31. desember
Tysdag–sundag 11-16
Måndag STENGT
JULA 2025
Laurdag 20. desember 11-16
Sundag 21. desember 11-16
Måndag 22. desember STENGT
Tysdag 23. desember 11-16
Onsdag 24. desember–fredag 26. desember STENGT
Laurdag 27. desember 11-16
Sundag 28. desember 11-16
Måndag 29. desember – onsdag 31. desember STENGT

Prisar

  • Barn 0–17 år: Gratis
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Vaksne: 130 kr
  • Gruppe (15+*) min 15 pers.: 110 kr

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde