Korleis verdset vi ting? Når blir noko tatt vare på – og når blir det kasta? Desse spørsmåla er relevante for alle. Samtidig har musea eit særskilt samfunnsansvar for å bevare ting for fellesskapet. Verdien i øskja inviterer deg til å sjå på kvardagslege ting med nye auge og reflektere over korleis verdi oppstår, endrar seg og forsvinn.
Utstillinga er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom elevar ved Kunst, design og arkitekturlinja på Førde vidaregåande skule, Sunnfjord Museum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Med gamal emballasje og anna gjenbruksmateriale som utgangspunkt har elevane utforska gjenbruk som kunstnarisk praksis og som del av både lokal historie og vår eiga samtid.
I møte mellom elevane sine eigne verk og utvalde gjenstandar og kunstverk frå samlingane til Musea i Sogn og Fjordane, blir grenser mellom avfall og verdi utfordra. Utstillinga opnar ein viktig samtale om verdi, kva vi vel å ta vare på, og kvifor.