Kva gjer ein stad til ein heim? Kor bur kjensla av tilhøyrsle, og korleis tek vi henne med oss når livet fører oss ein annan stad? I denne workshopen inviterer kunstnar Motaz Al-Habbash til utforsking og samtale om heim, identitet og tilhøyrsle.
Workshopen tek utgangspunkt i Al-Habbash sin kunstnarlege praksis og erfaringar med å etablere seg i eit nytt land.
Gjennom samtalar og felles refleksjon utforskar vi spørsmål som: Kva betyr heim for oss? Kva er forholdet vårt til stad, røter og tilhøyrsle? Korleis skaper vi ei kjensle av å høyre til når vi kjem til ein ny stad?
Deltakarane blir oppmoda til å ta med ein gjenstand som minner om heim, eller som på ein eller annan måte gir ei kjensle av heim. Denne gjenstanden kan vere eit utgangspunkt for samtale og deling av erfaringar.
Workshopen varar i ca. 1 1/2-2 timar, og er open for alle over 15 år. Alle som har eller har hatt ein heim, og alle som har opplevd å flytte frå heimen sin og etablere seg på nytt, er særleg velkomne.
Workshopen gir rom for personlege forteljingar, nye perspektiv og refleksjonar kring korleis identitet og tilhøyrsle blir forma gjennom livet.
Motaz Al-Habbash er ein palestinsk kunstnar, filmskapar, produsent og kurator busett i Noreg, og er for tida stipendiat ved Akademie Schloss Solitude i Stuttgart. Gjennom sin kunstnariske praksis utforskar han spørsmål knytt til identitet, fordriving og søk etter ein heim i eksil. Habbash er initiativtakar til ei rekkje ulike prosjekt, til dømes kunst- og kulturplattformen It Is Hard to Be an Arab (Oslo, 2017) og Her og der, eit program som støttar kunstnarar som nyleg har kome til Noreg. Han skipar møteplassar på tvers av kulturar og skapar moglegheiter for unge kunstnarar.
Vaksen: 250 kr
Under 30/student/honnør/årskort/kunstnar: 200 kr
//
Vi har fleire arrangement med Motaz Al-Habbash laurdag 22. august:
kl. 11:00-12.30: Workshop / Heim, identitet og tilhøyrsle
kl. 14:00-15:30: Filmvising og kunstnarsamtale
Billett til både workshop og filmvising/samtale:
Vaksen 350 kr
Under 30/Student/Honnør/Årskort/Kunstnar 250 kr
Billettane inkluderer inngang til utstillingane