Velkomen til vising av kortfilmen The Donkey of October 7th, etterfølgt av ein samtale mellom kunstnar Bjørn Venø og filmskapar, kunstnar og produsent Motaz Al-Habbash.
Før visinga vil Al-Habbash gi ei kort innføring i filmen og fortelje om bakgrunnen for prosjektet og idéen som ligg til grunn. Arrangementet gir eit unikt høve til å oppleve filmen i møte med kunstnaren bak, og til å få eit nærare innblikk i dei kunstnarlege og menneskelege erfaringane som ligg bak verket.
Etter visinga møtest Venø og Al-Habbash til ein samtale om korleis det er å skape kunst under ekstreme og krevjande forhold. Med utgangspunkt i filmen vil Al-Habbash dele erfaringar frå det å lage film i Gaza i dag, og reflektere over korleis krigen og livsvilkåra har påverka den kunstnarlege praksisen hans. Samtalen opnar òg for refleksjonar kring kunst som vitnemål, motstand og menneskeleg uthald.
Arrangementet blir halde i samband med to aktuelle utstillingar i museet, de:HUMANIZE og Frida Rusti «Eg målar i draume». Sjølv om utstillingane er ulike i uttrykk og tematikk, komplimenterar dei kvarandre gjennom å løfte fram spørsmål om identitet, tilhøyrsle og møte mellom ulike kulturar. Dette er òg sentrale tema i Motaz Al-Habbash sitt kunstnarskap, og samtalen vil gi eit utvida perspektiv på problemstillingar som også kjem til uttrykk i utstillingane.
Meir om filmen: I eit nabolag i Gaza by, prega av blokade og øydelegging, blir ein raud løpar rulla ut – ikkje for kjende personar eller heltar, men for esel – eit symbol på uthald. Esla blir leidde gjennom eit høgtideleg prosesjonstog. Hyllinga utviklar seg til eit augeblikk som balanserer mellom feiring og satire, verdigheit og det absurde.
Originaltittel: The Donkey of October 7th
Land: Noreg
År: 2026
Lengde: 23 min
Språk: Arabisk
Regi og manus: Mustafa Al-Nabbih
Medverkande: Maryam Salah, Amina Al-Salmi, Amal Abu Assi, Ali Abu Yassin, Abudslam Ghaban
Produsent og idéskapar: Motaz Al-Habbash
Filmen hadde verdspremiere på kortfilmfestivalen i Grimstad i år.
Aldersgrense for filmen er 15 år.
Motaz Al-Habbash er ein palestinsk kunstnar, filmskapar, produsent og kurator busett i Noreg, og er for tida stipendiat ved Akademie Schloss Solitude i Stuttgart. Gjennom sin kunstnariske praksis utforskar han spørsmål knytt til identitet, fordriving og søk etter ein heim i eksil. Habbash er initiativtakar til ei rekkje ulike prosjekt, til dømes kunst- og kulturplattformen It Is Hard to Be an Arab (Oslo, 2017) og Her og der, eit program som støttar kunstnarar som nyleg har kome til Noreg. Han skipar møteplassar på tvers av kulturar og skapar moglegheiter for unge kunstnarar.
Bjørn Venø (f 1979, busett og arbeider på Venøy i Stad kommune) er ein kunstnar som jobbar med foto, video, performancekunst, skriving, teikning og musikk. Det å mislykkast, identitet, kjønn og metafysikk vert utforska ved å bruke fri assosiasjon, intuisjon og eigenskapane til narren. Venø har ein master i fotografi fra Royal College of Art i London. Arbeida hans er i museumsarkiv ved Norton Museum of Art, West Palm Beach, Florida, USA, og Museo Palazzo Riso, Palermo, Italia.
Vaksen: 200 kr
Under 30/Student/Honnør/Årskort/Kunstnar: 150 kr
//
Vi har fleire arrangement med Motaz Al-Habbash laurdag 22. august:
kl. 11:00-12.30: Workshop / Heim, identitet og tilhøyrsle
kl. 14:00-15:30: Filmvising og kunstnarsamtale
Billett til både workshop og filmvising/samtale:
Vaksen 350 kr
Under 30/Student/Honnør/Årskort/Kunstnar 250 kr
Billettane inkluderer inngang til utstillingane