Kvernsteinsparken
Born i vikingkle male korn om til mel med ei gammaldags handkvern.

Museumsbesøk for skule og barnehage

I Kvernsteinsparken finst spanande opplevingar og historie som berre ventar på å utforskast. Velkomen til ei annleis oppdagingsferd i tid og rom!

Pedagogiske tilbod til skule og barnehage

Kvernsteinsparken tilbyr fleire tilbod til skuleklassar og barnehage. Museumsbesøk gjev elevane opplevingar i fysiske miljø som heng saman med læringsinnhaldet. Dei får bruke alle sansane sine og prøve ulike praktiske øvingar. Tilboda er utarbeidde av vår museumspedagog, og tek utgangspunkt i skulen sine læreplanar og kompetansemål.

Tilboda er gratis å nytte.

Interessert? Slik går du fram

Våre formidlingsopplegg er tilgjengelege via DigitaltMuseum Skole. Trykk på knappen nedanfor og utforsk tilgjengelege alternativ. Her vil du få oversikt over trinn, fag, kompetansemål og anna relevant informasjon, samt høve til å tinge opplegg via eige skjema.

Viktig: Tilboda våre er under utvikling, og endringar kan førekome. Nye tilbod kjem til, medan andre går ut. Ta gjerne kontakt med oss direkte ved eventuelle spørsmål.