I Kvernsteinsparken i Hyllestad kan du oppdage ei av Noregs første store industriar. Vi finn nemleg den spesielle granatglimmerskiferen her ytst i Sognefjorden. Det var få steinsortar som eigna seg betre til kvernstein enn nettopp denne. Her vart det hogge kvernsteinar heilt tilbake til 700-talet.
Desse livets steinar vart hogne ut av fjellet i Hyllestad og sende med skip over store avstandar. Utan ein kvernstein var det uråd å få kverna kornet som gav maten på bordet. Hyllestad spelte dermed ei heilt sentral rolle gjennom handel og eksport gjennom vikingtid og mellomalderen.
Sjølve parken er open heile året. Her kan du kan følgje steinhoggarløypa gjennom visningsbrotet vårt. Du kan oppdage spor etter kvernsteinsindustrien, lære meir om livet som steinhoggar og Hyllestad sin plass i verda.
I sommarsesongen frå medio juni til medio august er parken bemanna. Her kan du få tilbod om omvising, prøve å svinge ei handkvern og nyte kaffi og sveler i historiske omgjevnader.