Kvernsteinsparken
Uferdig kvernstein ligg langs ein sti i ein skog.

Steinhoggarløypa

Stad Kvernsteinsparken

Bli betre kjend med Nord-Europas største steinbrotsområde frå vikingtid/mellomalder. Du kan følgje steinhoggarløypa gjennom visningsbrotet vårt. Ved dei 14 postane undervegs kan du lære meir om livet til steinhoggarane, teknikkane dei brukte og kvernsteinane si reise vidare ut i verda!

kvernsteinsparken/s_kvernsteinsparken,-thomas-bickhardt-bickfoto-(44).jpg.

Løypa følgjer gode stiar gjennom visningsbrotet. Om du blir sliten kan du ta ein pust i bakken i eit av kvilehusa våre. Første og siste delen av løypa er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

kvernsteinsparken/s_kvernsteinsparken,-thomas-bickhardt-bickfoto-(28).jpg.

Alle postane er tilgjengeleg på norsk, engelsk og tysk.
Illustrasjon: Thomas Bickhart / Bickfoto, 2021.