Kvernsteinsparken
kvernsteinsparken/s_kvernsteinsparken,-espen-mills-(3).jpg

Prøve å svinge handkverna

Kvernsteinsparken

Før i tida var korn den viktigaste delen av kosthaldet. Før ein kunne begynne å lage brød måtte kornet kvernast og alle måtte ha tilgang på ein kvernstein. Vi kan med rette sei at kvernsteinane frå Hyllestad var livets steinar!

kvernsteinsparken/s_kvernsteinsparken,-espen-mills-(5).jpg
Eigekverna korn blir til mjøl.

Prøv å kverne ditt eige korn og lage ditt eige kvernsteinsbrød. Er du sterk nok til å svinge kverna? Det er tungt arbeid og du må kverne lenge for å få nok mjøl til ein brødleiv. Aktiviteten passar for alle.

kvernsteinsparken/s_kvernsteinsparken,-espen-mills-(8)-1655714803.jpg
Du kan ete brødet du lager!

Illustrasjon: Espen Mills.