Gå til Musea i Sogn og Fjordane
kvernsteinsparken/kvernsteinsparken,-espen-mills-(7).jpg

Trollstien

Kvernsteinsparken

Vil du helse på på Kvernsteinstrollet? Då må du først gå på skattejakt og finne alle kvernsteinane!

kvernsteinsparken/kvernsteinsparken,-thomas-bickhardt-bickfoto-(45).jpg
Her har trollet kanskje vore?

Kvernsteinstrollet har budd i parken i over 1000 år! Han er kjempesnill, og det beste han veit er å hogge ut kvernsteinar. Trollet arbeider om natta og søv om dagen. Om du er flink og følgjer skattekartet kan du finne alle kvernsteinane. Då får du kanskje sjå kvernsteinstrollet som søv søtt. Men hugs! Du må vere musestille.

kvernsteinsparken/trollstien.jpg
Om du følgjer skattekartet kan du finne alle kvernsteinane.

 Trollstien egnar seg best for born i alderen 3 – 8 år.