Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Ung kvinne i stillas framfor raudflassa trevegg.
Publisert 10/04/2025
Av Henning A. Hellebust

Rakel (18) lærling på museet

Rakel Førde Værøy håpar å få sjå og prøvd mest mogeleg tradisjonshandverk på Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Høgt i eit stillas over vårklart vatn i Keilevågen, står Rakel Førde Værøy med blyant og teiknebrett. Ho er snart ferdig med si andre veke som tømrarlærling ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

– Sjå her, her regnar det jo rett inn og renn ned i konstruksjonen. Her må vi prøve å finne ei betre løysing, seier handverkar Øyvind Atle Skarstein.

kystmuseet/2025-04-04_11-44_laerling-9.jpg.
Her har det blitt dratt inn mange garn i tidlegare tider, men då sto bua meir sentralt i Florø sentrum. No skal Standalbua restaurerast. I bakgrunnen Keilevågen.

Dei to dokumenterer korleis det står til med Standalbua, ei over hundre år gamal sjøbu frå Florø. Raudmalinga er det lite att av, vatn har trengt inn og framkalla råte i både bordkledning, stavar, svillar og skråstivarar. Bygget har stått på prioriteringslista lenge, endeleg har det hamna på topp.

– Det er veldig interessant å få vere med på heile prosessen, seier Rakel, og noterer det siste talet frå Øyvind.  

Dei har hengt opp snorer både loddrett og vassrett over heile fasaden, som referanse. Øyvind tek mål. Rakel teiknar og noterer. Heile fasaden vert dokumentert. Skeivheiter i kledning og vindauge. Dimensjonar. Etterpå skal bordkledningen plukkast ned. Det som er brukande skal nyttast opp att, det som er øydelagt, skal erstattast.

Mann i arbeidsklede framfor slitt vegg.
Museumshandverkar Øyvind Atle Skarstein forklarar at roteskadd treverk må skiftast ut.

– Vi ønsker at du skal få meir innblikk i å restaurere stolpeverket seinare, vere med på handverket, men det er jo ein viktig del av restaureringsprosessen å dokumentere også. Om vi berre riv ned veggen, så står vi der utan gode referansar, seier Øyvind.

Etterlengta

Det var ikkje planlagt at Kystmuseet skulle ta imot ein lærling, sjølv om det lenge har vore eit ønskje. No ville tilfeldigheitene det slik at Øyvind møtte Rakel sin lærar på butikken og kom i prat om ein elev som var interessert til bygningsantikvarisk arbeid.

Tre personar i arbeidsklede framfor stillas.
Museumshandverkarar Jill Tefre (i midten) og Øyvind Atle Skarstein er glad for å ha med seg ein læring som har interesse for faget deira.

– Vi bygde eit grindebygg andre året på tømrarfaget. Det tykte eg var kjekt. Så fortalde læraren min om kystmuseet og kva dei heldt på med, og at det kunne vere aktuelt med samarbeid med dei, seier ho.

Ho hadde alt eit tilbod frå Vestfjord bygg, som vart hennar hovudlærestad. Men to av månadene i 2025 skal ho altså vere saman med museumshandverkarane Øyvind Atle Skarstein og Jill Tefre på Kystmuseet.

Ønskjer å lære seg dei gamle teknikkane

– Eg tykkjer det er veldig imponerande alt dei fekk til før. Spennande korleis dei gjorde ting. Det kan jo sjå veldig umogeleg ut, som å løfte alle desse tunge tinga. Eg har lyst å lære litt om teknikkane dei brukte, lære meg å bruke verktøy, seier ho.

Ung kvinne med arbeidsklede ved høvlebenk, held handhøvel.
Rakel ser fram til å lære seg tradisjonelle handverksteknikkar, som å rette ut fjøler med handhøvel.

Fram til no har det vore mest arbeid med dokumentasjon, både på Kystmuseet og ein tur til Vågsberget Handelsstad. Ein ting har ho fått testa.

– Eg fekk prøve å smi i smia på Nilsenslippen. Det var ganske stilig. Eg håpar å få sjå mest mogeleg, om eg ikkje får prøvd alt med nevane sjølv, at eg i alle fall får sett korleis det er gjort og lært om det, slik at eg kan gjere det ein gong. Og så ser eg at dei lagar mykje reiskap, som høvlar, sjølv. Viss dei skal ha ein profil på ei list, så lagar dei ein høvel til akkurat den. Det verkar stilig, seier ho.

Fleire nyheiter

Sjå alla