Ein treårig besøksvekst ser ut til å ha flata ut. Så langt i år har om lag 46 000 personar vitja Musea i Sogn og Fjordane sine museumsarenaer. Det er tre prosent fleire enn på same tid i 2024.
– Ingen tre veks inn i himmelen. Høg auke gjennom fleire år blir bremsa av ein brennvarm julimånad. Vi skal arbeide hardt med det vi kan gjere noko med, eit interessant tilbod og god formidling. Målet om 70 000 besøkande ved utgangen av 2026 står fast, seier administrerande direktør Jan Heggheim
Positivt for nykommar Holvikejekta
– Vi er godt nøgde med besøket på 2483 gjester. Dette er noko lokalsamfunnet og regionen har venta på. Mange av dei har besøkt oss i sommar, og har teke med seg eigne sommargjester til oss for å vise fram jekta, seier museumsleiar Anne Kristin Moe Fitje (på bildet øvst i saka).
Trafikken utanfrå har vore mindre. Det kan ha samanheng med at museet vart ferdig i april og opna dørene allereie i juni. Det har vore ein kort periode for marknadsføring. Langvegsfarande og turoperatørar planla sommaren før tilbodet vart kjent.

– Gjestene brukar ordet «kjempefint». At det er gjennomført. Arkitekturen, utstillingane, jekta. Dei som har sett ho før, tykkjer ho kjem betre fram her. Med få unntak har vi berre fått positive tilbakemeldingar. Det er også kjekt at rullestolbrukarar har gitt oss skryt av utforminga, seier ho.
Størst vekst på Nordfjord folkemuseum
I Jølet på Sandane har sommaren vore meir hektisk enn på lenge. På Nordfjord Folkemuseum kjem det framleis bussar fulle med amerikanarar og andre som er nysgjerrige på lokal kulturhistorie. Museet har hatt ein vekst på 50 prosent, 2 800 personar, samanlikna med same tid i 2024.
– Årsaka er mange grupper på besøk i sommar. Gjennomgåande er dei nøgde og skulle ønskje seg betre tid. Dei er veldig interesserte og stiller mange spørsmål.
Ho trur utanlandske turistar er glade i friluftsmuseum, eit sær-skandinavisk fenomen. Autentiske bygg som ein kan gå inn i. Lafteteknikk og stavteknikk, same som stavkyrkjene. Entusiasme for det fysiske ein kan sjå og kjenne på.

– Slik begeistring er så deilig, veldig motiverande for meg som museumsleiar. Dei kjem ikkje inn med døde auge, knips-knips, og så ut att. Nei, dei er interesserte, seier Moe Fitje.
Ho er også nøgd oppslutninga om arrangementa til museet. Folk kjem for å lære noko nytt. Museet får gode tilbakemeldingar også på ferieaktivitetane, som er mest retta mot familiar. Når skulen er stengt, er det mange som set pris på ein alternativ familieaktivitet.
Løft for Vågsberget
Vågsberget handels- og gjestgjevarstad har hatt ein fenomenal sommar, med ein besøksvekst på 90 prosent. 2 205 gjester har vore innom den freda perla ytst mot havet utanfor Måløy.
– Vi har jobba systematisk over fleire år. No byrjar vi å sjå resultatet, seier museumsleiar Annette Langedal Holme.

Ho opplever å nå betre ut til innbyggarane i lokalsamfunnet. Blant anna har dei satsa på å utvide tilbodet i kafeen med mykje fersk bakst. Og halde ope på jonsokaftan og selje rømmegraut. Handelsdagen er også eit arrangement som trekk mykje folk.
– Dessutan har vi no fått på plass gode samarbeid med cruise- og turoperatørnæringa, slik at vi får fleire grupper på besøk, seier ho.
Positivt for Eikaasgalleriet
Ein publikumsvinnar i sommar er Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster. Med 173 prosent auke i besøkstalet, kan ikkje museumsleiar Solveig Berg Lofnes vere anna enn nøgd.
– Den nye utstillinga «Livsneverven» har gitt veldig god respons av gjester frå regionen. Den har hatt engasjerte ambassadørar som har dratt med seg folk og vore med på omvising både to og tre gonger. Spesielt mange innanfor husflidsmiljøet har vorre interessert, seier Lofnes.

Ho er glad for besøksveksten, men framleis er det ombygde meieribygget i strandkanten ved Jølstravatnet det minst besøkte museet av Musea i Sogn og Fjordane. 986 besøkande er fasit så langt i år.
– Det burde vore meir. I vinter har vi fått tilsett ein museumspedagog for både Eikaasgalleriet og Astruptunet. Det vil styrke tilbodet vårt på sikt. Elles er skilting eit stadig tilbakevendande problem som vi ikkje har fått ei god nok løysing på, seier Lofnes.
Ein liten vekst i besøkstalet finn vi også hjå Sunnfjord Museum (1%), Sogn Fjordmuseum (5%) og Kvernsteinparken (11%) i Hyllestad.
Astruptunet størst nedgang
Astruptunet har størst nedgang av alle musea. Samanlikna med 2024, då tunet vart nyopna av Hennar Majestet Dronning Sonja, med restaurert hage, restaurerte bygg og ny, stor utstilling, har 2 220 færre vore innom. Det er ein nedgang på 32 prosent, til 4 519.
– Det byrja bra, men så fekk vi ein periode med veldig mykje regn, etterfølgt av ei hetebølgje. Desse vêrtypane innbyr ikkje til besøk hjå oss, seier Solveig Berg Lofnes, som også er museumsleiar på Astruptunet.
I fjor var museet ofte i nyheitsbildet, også nasjonalt. Det gav nok ei synlegheit som er vanskeleg å følgje opp.

– Når det er sagt, er gjestene våre veldig positive. Dei er nøgde med hagen, bygningane, utstillinga og ikkje minst vertane. Dei skryt av mottakinga og omvisingane. Gjestene var der lenge og kosa seg. Eg tenkjer det var eit godt år for oss, men nedgangen var litt større enn forventa. Vi får berre stå på det vi kan for å gjere arven etter Nikolai Astrup synleg og tilgjengeleg, seier Lofnes.
Dårleg sommar for Kystmuseet
Også Kystmuseet i Sogn og Fjordane har færre gjester så langt i år. Nedgangen er på 25 prosent, 2 457 personar.
– Mykje av nedgangen er ein dårleg juli månad. I 2024 hadde vi dei største besøksdagane med barnas kystmuseum i juli. Dei vart vitja i år også, men mange færre. Mykje skuldast veldig fint vêr. Dessutan har vi ein nedgang i tal elevar på skulebesøk. Det er nok delvis ei utvikling i demografien, seier Annette Langedal Holme, som også er museumsleiar ved Kystmuseet.

Ho opplever at det kjem færre utanlandske turistar på besøk, og spekulerer i om færre tilreisande oppsøker kysten.
– Så ser vi at «drop-in-besøk» i vanleg opningstid på kvardagar gjennom resten av året er forsvinnande lite. No prøver vi på ei endring i haust og vinter. Vekedagar vil vi prøve ut å halde stengt, slik at vi kan bruke meir ressursar på gode arrangement og helgeopent - når fleire har høve til å besøke oss, seier Holme.

Eit lite plaster på besøkssåret for Kystmuseet, er at den verna autoline-fiskebåten Haugefisk har hatt fleire besøkande i år enn tidlegare, med 1500 gjester. Gjestene kjem frå "open båt" under arrangementet «Fjordsteam» i Stavanger og i samband med opning av Prince Olav Slipway i Lerwick på Shetland.
Også De Heibergske Samlingar (-10%), Norsk Reiselivsmuseum (-7%) og Sogn Kunstsenter (-23%) har færre besøkande enn i 2024.