Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Bilde av et stort sort bygg. På fremsiden er der en lang vindeltrapp som er festet i bygget. Til høyre for bygget ser vi noen små naust. I bakgrunnen av bygget ser vi trær, fjell og hus. Fremfor bygget ser vi vann.

Kunnskap | Holvikejekta

Vernebygg for Holvikejekta

Etter over 100 år på land fekk Holvikejekta eit bygg som vernar ho mot sterk sol og temperaturforskjellar, og som hindrar forvitring, utsiging, skadedyr og rote. Samstundes har vore besøkande fått ei betre oppleving av denne «sjøens stavkyrkje». Verne- og formidlingsbygget opna 6. juni 2025.

Holvikejekta - sjøens stavkyrkje

Ei jekt er eit breitt fraktefartøy utan dekk med råsegl. Holvikejekta, som vart bygd på Sandane i 1881, er den einaste opphavelege store klinkbygde jekta som er bevart i Noreg.

I fleire hundre år frakta jektene varer mellom bygdene og Bergen, men kring 1900 vart dei utkonkurrerte av skip med motor. Dei fleste jektene vart ombygde eller destruerte.

Redda av sogelag og kommune

I Gloppen kjøpte det nystifta Nordfjord Sogelag jekta i 1909. Sogelaget jobba for å etablere Nordfjord Folkemuseum, og då museet kom på plass i 1915 vart Holvikejekta den første gjenstanden i samlinga.

holvikejekta/redusert-holvikejekta-pa-land-ua.jpg.
Holvikejekta slik ho låg med støtter etter at ho blei løfta opp i 1964. Fotografiet er teke vinteren 1968/69. Framfor jekta ser vi restar av vaulen, med litt vatn i. Foto: Petter Eide.

Tomta jektenaustet stod på vart i 1910 ble skilt ut frå garden Austrheim, slik at Gloppen kommune kunne kjøpe tomta. «Desse tvo jordstykki vil heradsstyret yverlata til museet med gaavebrev til fullt raadvelde», kan ein lese i museumsprotokollen.

Byggeprosjektet

Arbeidet med eit verne- og formidlingsbygg har pågått sidan 2013. Frå 2018 til 2020 utarbeidde museet tilstands- og tiltaksrapport, prospekt og byggteknisk rapport. I 2021 vart prosjektet fullfinansiert og i 2024 starta bygginga. Budsjettet er på kring 40 mill. kr og er ei tredelt finansiering mellom stat, fylke og kommune. I tillegg har ein folkeaksjon gjeve verdifulle bidrag.

Arkitekten bak bygget er Ola Sendstad, entreprenør er Veidekke, og Øyvind Tåsåsen frå Musea i Sogn og Fjordane var prosjektleiar.

Prospekt med illustrasjonar kan du sjå her.

Bygginga tok 11 månadar, og ein kunne følge heile prosessen via live-sending på nett. Her er resultatet.