Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Mjølking av geiter i Hyen, Gloppen. Ca 1900 F.v Maria Tystad, Brita Eikenes og Ida Straume. Bak ser ein kyrafjøsen og vatnet lenger bak.
Publisert 09/02/2023
Av Ingvild Førde

Dyrebart på museet

Søndag 12. februar inviterer Nordfjord Folkemuseum til årets første museumssøndag knytt til den nye utstillinga «Dyrebar». Utstillinga handlar om korleis folk før i tida nytta heile dyret som ressurs.

Gjennom gjenstandar frå museumssamliga og bilde får publikum innsyn i korleis ulike delar som hår, hud, indre organ og bein blei brukt og gjort om til produkt til glede, nytte og nødvendigheit.

Finurleg eller morbid?

Frå dagens perspektiv kan ferdigheitene og kunnskapen folk brukte i før i tida verke både finurlege og til tider morbide. Men i ei tid før pengeøkonomi, plastikk, elektrisitet og butikkar var det i mange tilfelle rett og slett naturleg. Museet dreg også tråden fram til vår tid og korleis dagens ressursutnytting ser ut.

Ein augeopnar

På søndag blir det ein spesiell introduksjon og omvising i utstillinga med museumspedagog Trine Anette Fostervold. Fostervold har vore prosjektleiar, og fortel at utstillingsarbeidet har vært ei augeopnar for henne om kunnskapen og ressursutnyttinga i det tradisjonelle bondesamfunnet.

Tinga og måtane det blei til på viser spesialiserte ferdigheitar menneska før i tida lærte seg sjølv og andre. Dei lagde så mykje med sine eigne hender ut av råmateriale vi knapt hadde kome på i dag. Det er eit stort forbilde på korleis vi kan tenkje berekraftig i dagens samfunn, og eg håper at utstillinga vil både inspirere og begeistre.

Seks jegarar pynta til fotografering i atelier. Ei stor mengd revepelsar i framgrunnen. Fem skinn heng på veggen bak. Nordfjordeid, 1895-1930.
Seks jegarar pynta til fotografering i atelier. Ei stor mengd revepelsar i framgrunnen. Fem skinn heng på veggen bak. Nordfjordeid, 1895-1930. Foto: Isak I. Hellebust / Fylkesarkivet i Vestland

Dagens samfunn

I dagens samfunn lyter vi meir på plastikk og masseproduksjon av tinga og kleda våre, noko som har konsekvensar for både miljø og bevaring av tradisjonelt handverk. Samstundes gjev utstillinga også døme på korleis fleire driv sjølvforsyning i større og mindre grad i dag, som til dømes egg frå eigne høns, spinning av garn frå lokale sauebønder og dyrking av grønsaker til eige bruk.

 

Utstillinga kjem til å stå ut året, så om ein ikkje har høve på søndag kan ein besøke oss i opningstida eller tinge omvising. Utstillinga passar for både skuleklassar, lag og organisasjonar og private grupper.

 

For meir informasjon, kontakt
Museumspedagog Trine Fostervold  trifos@misf.no / 951 09 446