Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Eple på epletre i friluftsmuseet, i bakgrunnen er det grønne trær og gamle hus.
Publisert 06/10/2023
Av Ingvild Førde

Haustferiedagar

Det er endeleg haustferie, og Nordfjord Folkemuseum inviterar til haustmoro med museumssøndag og utvida opningstider i veke 41.

Søndag 8. oktober inviterer Nordfjord Folkemuseum til familiedag med aktivitetar til store og små for å markere starten på haustferien. I friluftsmuseet blir det blir moglegheit til å ri på hest og ponni, lage juice av sjølvpressa eple, eller prøve seg på vår eigenaktivitetar; natursti med hausttema og båtbygging. Inne kan du sjå vår nyaste utstilling «Attåt» og «Dyrebar», og ein verkstad kor barn og vaksne kan lære og veve ulike typar band av ull.

Eplepressing

Museet har ein stor eplehage inst i friluftsmuseet. Her veks det over 30 ulike sortar eple, både kjente sortar som Aroma, Prins og Silkeeple, men også litt meir ukjente sortar som Karen Schneider, Raud Säfstaholm og Kvit Astrakan. I Fargeriet vil det vere mogleg å få presse eple om til juice med ei eplepresse saman med museumspedagog Karoline Stubberud Eide.

Epla som skal brukast til eplepressing er dyrka her på museet, fortel museumspedagogen. Det vil også vere mogleg å studere nokre ulike eplesortar og smake om det er forskjell på dei.

Eit bord med epler og utstyr til eplepressing. Bål i grua.
I fjor hadde museet eplepressing i Fargeriet, og i år gjentar vi suksessen.

Aktivitetar både inne og ute

I handarbeidsverkstaden får publikum lære å karde og spinne ull frå lokale sauer, flette armband og nøkkelringar i vevteknikk. Museumsvert Ingvild Førde er klar for å lære vekk teknikkar som kanskje er litt ukjent for folk i dag.

Her kan du mellom anna prøve deg på handarbeidsteknikken hakking, som er ein form for hekling. Eller kanskje du treng å friske opp kunnskapane dine for veving? Her treng ein ikkje kunne noko frå før, ein får god veiledning, seier museumsverten.

 

Tre guttar som ser på ein utstoppa jerv i utstilling.
Gå på oppdagelsesferd i utstillinga Dyrebar, der du kan blant anna møte jerven Trefotingen.

Museet har utvida opningstidene sine i ferieveka, og er ope måndag 9. oktober til fredag 13. oktober samt søndag 15. oktober. I ferieveka vil det vere mogleg å gjere eigenaktivitetar og sjå på utstillingane, men eplepressing og riding er kun på museumssøndag 8. oktober.

Det er alltid så god stemning på familiedagane på museet, og vi håpar å sjå mange store og små som koser seg denne dagen også.

Kafeen og museumsbutikken held ope alle dagar.