Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Julepynt på et juletre. På midten av bildet er den en messingbjelle med rødt og grønt flettet bånd rundt. Ved siden av er det et lys, nedenfor et norsk flagg. I bakgrunnen ser vi glitter og julekuler.
Publisert 18/12/2025
Av Ingvild Førde

Jul på museet 2025

Søndag 14. desember inviterte Nordfjord Folkemuseum til årets siste museumssøndag. I tradisjon tru vart det julepreg denne søndagen, med julepynta hus, juleverkstad og omvisning i juletradisjonar.

Museumssøndag

Denne dagen møtte det opp mange små og store juleglade mennesker klar for aktivitetar. Vi hadde spredd aktivitetane utover friluftsmuseet, med aktivitetar i Sydneshuset, skulestova, Fargeriet, Moritsstova, Frislidlada, Sæta og Otnheim. Det virka som alle fann litt julestemning denne dagen, der der dei gjekk rundt og utforska våre julepynta hus i friluftsmuseet, lærte om gamle juletrasjonar, og prøvde seg på tradisjonell julepynt.

Familieaktivitetar

I skulestova var det rigga til juleverkstad. Her kunne ein lage tradisjonell julepynt med silkepapir, julelenker, papirkorger, og det var berre fantasien som sette grenser for kva ein kunne trylle fram. Vår mest populære aktivitet var med i år også - nemleg lysstøyping! Her kunne ein nytte høve til å støype seg lys til julefeiringa.

 

Gammeldags jul. På bildet ser man et langt bord med hvit duk, som er dekket på med levende lys, tallerkener, store fat med krumkaker og grøt. I bakgrunnen ser man et stort grønt juletre, to senger som står inntil veggen. På vegen er det to svart-hvitt fotografi av en gammel mann og en gammel dame.
Julefeiring tidleg 1900-tal.

Mat er ein viktig del av jula, like så førebuingane, og det blir ingen julebakst utan mjøl. Vi fekk besøk av Alexander Rauboti frå Kvernsteinsparken, som lærte vekk kunsten å male korn på handkvern frå Hyllestad. I Frislidlada var det rigga klart til tradisjonsbakst, der ein kunne få prøve seg på fiskebrød. Men det er ikkje berre vi menneska som treng mat. Nytt av året var at du kunne få lage eit fuglebrett. Vi stilte med utstyr og bruksanvisning slik at ein fekk laga seg eit matfat til småfuglane.

nordfjord-folkemuseum/saetastova-1668780835.jpg.
Julefeiring 1700-talet.

 

Ein kunne få møte ekte felemakarar! Harald og Rolf Inge Kvandal har verkstad i Sydneshuset på museet, og holdt ope for besøk. Der kunne ein lære om korleis ein laga feler og prosessane rundt arbeidet. I Moritsstova hadde vi besøk av Gloppen Husflidslag som demonstrerte ulike handarbeidsteknikkar, som veving, spinning og karding.

 

nordfjord-folkemuseum/museumssondag_msf_01886.jpg.
Felemakar Harald Kvandal.

 

Juleutstilling

I friluftsmuseet hadde vi pynta nokre av våre antikvariske bygningar med historisk julepynt som viste utviklinga av juletradisjonar i Nordfjord gjennom 400 år – Otnheimsstova var pynta til jul slik det var på 1600-talet, Sætastova viste 1700-talet, Moritsstova viste tidleg 1900-tal og i Sydnes viste vi 1960. Det var omvisning i desse saman med museumsleiar Anne Kristin Moe Fitje.

Inne i kaféområdet hadde vi laga juleutstilling. Den handla om tradisjonar knytt til jul. Vi har valt å ha fokus på juledrikken, julematen og juletreet. Vi har også gjenskapt to historiske juletre etter skildringar frå 1800-talet - 14 år gamle Jakob på garden Djupedal i Selje sitt juletre frå 1879, samt juletreet dei hadde på prestegarden i Lyngdal på 1840-talet, som er eit av dei tidlegaste skildringane av juletre som finst frå Noreg. Og i kafeen fekk ein kjøpt lussekattar og anna godt.

Tusen takk til alle som kom denne søndagen, vi gledar oss allereie til neste museumssøndag 25. januar 2026.

God jul!