Vi har i fleire år arbeida med ei ny fast utstilling, og no er den klar - Attåt! Vi markerar dette med utstillingsopning og museumssøndag 2. juli med aktivitetar frå kl. 12-16. Museet er ope frå 11-17 denne dagen.
Aktivitetar for store og små
Vi får besøk av aktørar i Nordfjord som driv med ulike attåtnæringar, blant anna Hyen Bygdekvinnelag som tek turen for å lage potetkaker, Stryn Husflidlag stiller på med handarbeidsstasjon der ein kan få lage seg noko med ull. Vi får også besøk av Ingvill Henden, som arbeidar som smed på Nordfjordeid og felemakar Harald Kvandal vil ha ope på verkstaden sin i Sydnes.
Ny utstilling
Inne i den store utstillingshallen er det klart for ny utstilling! Denne har vore stengt nokre år grunna planlegging, skriving av utstillingstekstar og fundering på gjenstandar, og vi kan endeleg ønskje velkomne til ny utstilling. Det vil bli omvisning i den nye utstillinga saman med museumspedagog Trine.