Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Mann som holder en rev i armene. Reven er sort, av type pelsrev. Mannen har dress og hatt. Mannen står inne i en luftegård med nettinggjerde. I bakgrunnen ser vi snø på bakken, et fjell og et hus.
Publisert 22/01/2026
Av Ingvild Førde

Pelsdyr i Nordfjord - ei næring og eit prosjekt

I 2025 vart pelsdyrhald forbode. 100 år før var det ei næring i vekst. Historia til pelsdyrnæringa er museet sitt nye prosjekt.

-Pelsdyravlen har ei forholdsvis kort historie samenlikna med anna dyrehald. Dei første revegardane i Noreg kom kring 1910 og baserte seg på innfanga rev, fortel museumsleiar Anne Kristin Moe Fitje.

Denne historia, frå nybrottsarbeid til avvikling, er tema for neste års utstilling på Nordfjord Folkemuseum. I 2026 skal dei samle inn og forske på pelsdyrhistoria i Nordfjord.

Starta i 1910

-Den første vi veit om som dreiv med reveavl i Nordfjord, var Ole M. Totland, frå Totland ved Bryggja. Han kjøpte nokre blårevar av Godtfred T. Fuglestrand på Jæren i 1910. Revane fekk gå fritt på Marøya, 1,5 mil frå garden, og kjøt og fisk vart dagleg køyrd ut til dei med motorbåt. Totland fekk seld skinna til gode prisar, og fekk både diplom og medalje på jubileumsutstillinga i Oslo i 1914. Men same året kom fyrste verdskrig, og då måtte han slutte fordi han ikkje fekk tak i drivstoff til motorbåten.

Krage av pels. På innsiden er det sort silke.
Denne pelskepen frå Gloppen finn vi i gjenstandssamlinga til Nordfjord Folkemuseum. Kepen er frå 1940-talet.

1914 var også eit merkeår fordi det var det året dei fyrste sølvrevane kom til Noreg. Handelen kom revane Amund og Amanda kom på 60 000 kr, frakt og bygging av revehus inkludert. Sølvrevane kom frå Canada, der det hadde vore gjort forsøk med reveavl sidan 1870-åra.

Den første på Vestlandet

Etter fyrste verdskrig (1914 – 1918) skaut sølvrevavlen i veret. På grunn av utviklinga vart ein i Canada opptekne av at det måtte verte eit system i oppdrettet, og i 1920 vart the Canadian Silver Fox Breeders Association danna, som den fyrste sølvrevsforeininga i verda.

nordfjord-folkemuseum/solvrevkvalpar1942_wilse.nf.wf15645.jpg.
Sølvrevkvalpar 1942.

Mellom 1918 og 1924 vart det innført ein del dyr frå ulike oppdrettarar, og i denne perioden kjem Ole M. Totland på bana igjen. I 1922 bygger han den første sølvrevgarden på Vestlandet, og herfrå går det greiner til både andre revegardar i Nordfjord og opprettinga av både fylkeslag og Norges Pelsdyravlslag.   

Museumssøndag

På søndag vil museumsleiaren holde foredrag om den tidlege historia til pelsdyravlen, og fortelje meir om prosjektet. Ho håpar at bygdefolket vil ta turen på museet på søndag, for å både lytte og fortelje.

-Den tidlege historia kan vi lese oss til. Men den nyare historia er det folk sjølve som sitter på. Og den vil vi gjerne høyre.

Har du informasjon om pelsdyrnæringa i Nordfjord, kontakt
Anne Kristin Moe Fitje: annmoe@misf.no

Utstilling om pelsdyrnæringa opnar på Nordfjord Folkemuseum februar 2027.

Bildet øverst i saka viser Olav Haugen frå Haugen sølvrevgard i Hornindal, 1928. Fotograf: Rasmus Kirkhorn/Fylkesarkivet i Vestland.